Breim Hyttegrend er lokalisert ved Breimslia. Hyttegrenda er eit populært hytteområde sentralt plassert midt i Nordfjord, med kort veg til både ytre og indre deler av Sogn og Fjordane. Breim ligg midt mellom Førde og Stryn. Dette betyr at det kun er ein time køyring til Førde, Eid, Stryn og ein og ein halv time til Sogndal, Måløy og Florø.

Hyttefeltet ligg på Utvikfjellet. Her finn du Breimsbygda Skisenter, kanskje fylkets flottaste utfartsområde. Så medan ungane boltrar seg i alpinbakken kan mor og far nyte kilometer på kilometer med flott turterreng.