Velkomen til hjartet av Nordfjord

Få stadar er naturen meir variert og opplevingane så mangfoldige som i Nordfjord. Breane, fjorden, havet og fjella i Nordfjord er vertskap for noko av det flottaste norsk natur har å by på. Bygda Breim ligg midt i Nordfjord med kort avstand til det meste.

Ski og fotturar
Breim Hyttegrend ligg på Utvikfjellet kun 5 min køyretur frå Byrkjelo sentrum. Både sommar -og vinterstid har du eit eldorado av turmoglegheiter rett utanfor hyttedøra. Med kort avstand til Breimsbygda Skisenter kan du oppleve flotte alpinbakkar eller om du ynskjer å ta langrennskia fatt står kilometer på kilometer med preparerte løyper til din disposisjon. Utanom skisesongen kan Utvikfjellet og området rundt nyttast til flotte fotturar til karakteristiske fjelltoppar som Vora, Ryssdalshorn og Eggenipa.

Fiske
Breimsbygda kan by på nokre av dei beste fiskeområda i fylket. Både Breimsvatnet, Breimselva, Bergheimsvatnet og Sandalsvatnet ligg kun ein kort biltur frå hyttefeltet.